Om oss
Kapabel Forlag starta opp våren 2005 og har gitt ut om lag 200 bøker. Dei første åra var det mykje lokal, maritim litteratur knytt til Vestlandet, og særleg Sunnhordland. Seinare har forlaget gitt ut sakprosa innan lokal kulturhistorie, særleg med fokus på sjøen, arkitektur og den lokale krigshistoria. Kapabel gir òg ut skjønnlitteratur som romanar, dikt og novellesamlingar, i tillegg til oppdragsproduksjonar som forenings-, lags-, bedrifts- og idrettshistorie.