Så stal me ein båt

Det er noko med 1950-talet som engasjerer og fasinerer. Krigen var over, optimismen var stor, og alle krefter trongs for å skapa den nye framtida. Gleda over betra velstand blant folk var enorm, fordi tronge kår og rasjonering blei erstatta av ny giv og oppbygging, Marshallhjelp og nye arbeidsplassar. Kva tid i historia har eit tiår romma slike endringar? Johanne Øvstebø Tvedten er tilsett som undervisningsleiar ved Sunnhordland Museum på Stord. I denne boka har ho samla historier frå nokre som vaks opp i Sunnhordland på 1950-talet.

Order Så stal me ein båt Så stal me ein båt @ NOK 249,00

Dei fine ferjene

Etter at det kom ei ny utgåve av boka hausten 2010 er det no selt om lag 5000 eksemplar. Boka er sandblåst, reingjort, botnsmurt og oppussa. Ho har fått flott  smussomslag og er utvida med fleire sider med litt nytt om ferjene «Folgefonn»,  «Hardangerfjord»/«Vøringen», «Bjørnefjord» og «Skånevik».

 

Å veksa opp på 1960-talet var flott.
Bilane blei større og finare. I fjernsynet kommen­terte Erik Tandberg og Jan P.
Jansen romferdene, og Erik Bye song Skomværsvalsen saman med eit mannskor av
sjømenn med blazer og kvit hue. Me hadde berre ein kanal, og alle hadde sett
det same kvelden før. Me kunne sitja på den same ferja og snakka om dei same
episodane av Jaget eller Krutrøyk. Nesten kvar vår gjennom det meste av
1960-talet kom det ei ny ferje i juni.

 

Dette er historia om dei fine ferjene til HSD sett frå ein reisande sin
ståstad. Det handlar om ferjene slik me opplevde dei som passasjerar, og om eit
stykke viktig lokalhistorie knytta til moderniseringa av vestlandssamfunnet.
Det er òg historia om kvar ferjene blei av etter at me ikkje lengre hadde bruk
for dei, men det er først og fremst ei kjærleikshistorie om ferjene som HSD
bygde i tida frå 1938 til 1968, tida som var gullalderen for dei fine ferjene.
Dette er tredje utgåve av boka.

Order Dei fine ferjene Dei fine ferjene @ NOK 329,00