APOLOGI FOR TVISYNET

Ny «smal» bok med mykje å «bite» i for ein kresen lesar!

APOLOGI FOR TVISYNET

13 forsvarstalar

«Sidan livet for ein stor del består av å gjera stadig nye feilgrep som me sjeldan lærer noko av, er forsvarstalen den sjangeren me menneske brukar mest, og alltid må beherska dersom me ikkje ynskjer å gå gjennom livet med knekt nase og utslegne tenner både til kvardag og fest.»

Apologi (gr. apologia), forsvar, forsvarsskrift eller forsvarstale, sett saman av dei greske orda apo- (for-) og logos (tanke, ord, filosofi, fornuft). I utgangspunktet skal då ein apologi levera eit forsvar for fornuftig åtferd, i motsetnad til handlingane våre gjennom livet. Men trass alt – å leva er å gjera store og små feil, som folkevisdomen plar seia. Det er no i alle fall ei trøyst, men om ein no lærer noko av feila, er meir omstridt …

Tvisyn – sjølve kjennemerket på den store inspirasjonskjelda A.O. Vinje, som med ujamne mellomrom dukkar opp på og mellom linene i desse tekstane.

Talet 13 er sjølvsagt ikkje tilfeldig: Det er jo eit djevelsk dusin. Difor forsvarar eg eit og anna som folk ikkje likar no til dags.

Om forfattaren:

Jon Severud, pensjonert lektor og forfattar, no busett i Danmark. Har hatt fleire verv, mellom anna i Utdanningsforbundet, og gitt ut ei rad bøker. Mellom desse Ubehaget i skolen, Universitetsforlaget 2002, Ei gjenreise. Ferdaminne etter A.O.Vinje, Samlaget 2010, Shit happens, Spartacus 2006 (med Jarle Rasmussen), Ordbok for underklassen, Spartacus 2014 (med Arne Klyve) og Skikk og bruk for underklassen, Spartacus 2017 (med Arne Klyve og Trond Hofvind).

 

 

 

Order Apologi for tvisynet Apologi for tvisynet @ NOK 300,00

Lengten etter mor Lengten etter far

Livshistoriene i denne boka er òg sunnhordlandshistorie. Dei som fortel har gitt oss både sterke forteljingar og private bilde som samla gir oss unike tidsbilde. Sunnhordland museum har lang tradisjon for å bruka forteljinga for å formidla den viktige immaterielle kulturarven – det vanskelege ordet som handlar om det me ikkje kan sjå og ta på, men berre gjera, høyra eller lesa om. Johanne Øvstebø Tveiten skriv om boka: «Dei fire forteljingane eg har fått lov å skriva om i denne årboka, er sterke og personlege og treff oss i hjarta. Som forfattar er eg svært takksam for det dei har delt med oss. Det har kosta dei både tårer og tid, for kvar enkelt har fått høve til å arbeida med teksten til den kjendest rett for dei. Likevel har eg fått prega forteljingane med mine litterære grep. Takk også til søsken av desse fire som har vore med og henta fram bilete frå familiealbum og lete oss få kikka inn i deira felles barndom og ungdomstid. Det har gitt oss eit heilheitleg bilde av kvardagsliv og samfunnsliv i Sunnhordland som eg vonar du som lesar har sett pris på. Me er blitt både rikare og klokare av Sønneva, Åge, Geir og Karin Maria sine forteljingar. Tusen takk!»

Order 9788281632035 Lengten etter mor Lengten etter far @ NOK 300,00

Motstandsmannen frå Sunde Bjarne Thorsen

Det har vore lenge kjent at ekspeditøren, rutebileigaren og postopnaren Bjarne S. Thorsen  og familien var aktive i motstandsarbeid under krigen, men kva som eigentleg skjedde, har vore lite kjendt.

Etter krigen snakka ikkje Bjarne Thorsen så mykje om motstandsarbeidet og dei spanande, vanskelege og dramatiske hendingane han, familien og dei andre deltakarane i nettverket hadde vore med på. Han undertrykte dette med mykje arbeid.

I eldre dagar kom dei sterke og traumatiske opplevingane til overflata, og han var viljug til å fortelje litt om krigsåra, motstandsarbeidet, flukta til Sverige, tenesta i Den norske marinen i England og dei farlege oppdraga i britiske farvatn.

Det har vore eit puslespel å setje saman historia om dei dramatiske åra, men ho fortener å verta fortald.

 

Order Motstandsmannen frå Sunde Motstandsmannen frå Sunde @ NOK 300,00

Et århundre i Bergen – farmors historie

Farmor, Ella Rafto, ble født i 1916. Hun trådde sine barnesko i 1920-tallets bergensgater, der ungene lekte fritt uten voksen innblanding.

Ella var en skoleflink jente, med drømmer om utdannelse. Men sykdom rammet familien, og 17 år gammel måtte hun ut i arbeid.

Under krigen bidro hun i motstandsarbeidet, ble arrestert, fengslet og satt på Grini – frarøvet friheten, men aldri humøret.

I 2017 fyller Ella Rafto 101 år. Hun har levd gjennom et århundre og kjent store samfunnsendringer på kroppen. Farmors historie er både allmenn og unik.

Boken kan du bestille her på forlagets nettbutikk, eller ved å sende mail med navn og adresse til post@kapabelforlag.no

Order Et århundre i Bergen Et århundre i Bergen @ NOK 249,00

Lokalen var livsnerven – Finnmark Fylkesrederi sine rutebåter

Boken forteller om utviklingen av lokalrutefarten på Finnmarkskysten fra det vesle dampskipet Nor la ut på sin første seiling fra Hammerfest i 1870, via stiftelsen av fylkets eget ruterederi Finmarkens Amtsrederi i 1916 og helt fram til dagens hurtigbåter og bilferjer som er drevet av Boreal Sjø på kontrakt med fylkeskommunen.

Skipenes tekniske data og historie finner du også i boken, som er illustrert med foto, kart, rutetabeller og annet stoff.

Veteranbåten Gamle Mårøy, som har fått vernestatus av Riksantikvaren, har selvsagt fått sitt eget kapittel som forteller om den verdifulle innsatsen som er gjort for å ta vare på båten som et kulturminne om tiden da «lokalen» var selve livsnerven for de tallrike kyst- og fjordbygdene i fylket

Order Lokalen var livsnerven Lokalen var livsnerven @ NOK 349,00

Klappjakt

Den suspenderte Kripos-etterforskaren, Hermund Steinsland, er ein karismatisk og eigenrådig mann, som gjennom ein lang karriere har oppnådd forbløffande resultat. Lenge har mannen, som både er ein svoren målmann, og høgreradikal, greidd å skjula at han har kopiert fleire av dei drapa han har etterforska.

Tidlegare politikollega, Olaug Solhaug, fattar mistanke og set seg sjølv i livsfare.

Romanen er ei usensurert reise ned i eit sinn som er rikeleg utstyrt med alt – så nær som empati.

«KLAPPJAKT» er ein fri oppfølgjar til «OFFER» (2014), og «Mannen utan samvit» (2016) Bøkene utgjer til saman ein triologi, der kvart bind kan lesast for seg.

Order Klappjakt Klappjalt @ NOK 290,00

Kvinna som sydde for å hemne seg. No er boka her!

Dei finst over alt. Bassane som ikkje finn tonen. Gravsongaren som syng høgare og meir enn han har godt av. Den einsame sauebonden som ikkje greier slutte syngje salmar på telefonen.

Mattelæraren som burde søkt seg til det militære der han kan vifte med gevær, snerre og brøle, og få fine medaljar. Den unge hekkeløparen som vart omdanna til ein skimrande vengehest. Den omsorgsfulle kvinna som strikkar genser utan armar og hol til hovud, men med vedunderleg flettemønster som snor seg lik dragar kring preikestolen i ei stavkyrkje. Dei finst. Men du må leite.

Dette er Kathrine Gjestland si første bok. Ho har tidlegare utmerka seg med å laga dei største og vakraste steinvardane for Den Norske Turistforening og meiner sjølv ho har eit uvanleg godt handlag med kubein

Order Kvinna som sydde for å hemne seg Kvinna som sydde for å hemne seg @ NOK 249,00

Søte, salige Sunnhordland

Kjøper du ei bok, kjem det porto i tillegg. Kjøper du to eller fleire betalar forlaget frakta.

OM BOKA: I ei tid med espresso, latte, cappuccino og biscotti kan det vera på sin plass å sjå litt på kva me har av tradisjonar innan kaffimat her hos oss. Dette var tanken då me byrja å arbeide med denne boka.

I leitinga etter den lokale kaffimaten enda me opp i bedehus og foreiningar, og oppdaga at her lever tradisjonen framleis, først og fremst teken hand om av driftige damer med stort hjarte for både Jesus og gode kaker.

Boka er 200 x 240 cm. har 264 sider og innheld ei salig blanding av eldre tradisjonsbakst og nyare oppskrifter på god kaffimat.

Vel bekomme!

DET ENKLASTE  ER Å SENDE MAIL TIL otto@kapabelforlag.no DÅ KJEM BOKA I POSTEN SAMAN MED GIRO.

Order Søte, salige Sunnhordland Søte, salige Sunnhordland @ NOK 398,00

Leirvik fyrstasjon -vegvisar og heim

Dette er boka om Leirvik fyrstasjon som navigasjonspunkt, heim og kulturminne, ført i pennen av Bjørn Angell Bergh. Han blei fødd medan faren, Egil Bergh, var fyrmeister på fyret, som ligg ved innseglinga til Leirvik på Stord.

Som barn opplevde han livet på Fyrøyo som eit eventyr. Me får lesa om livsdramatikk i fred og krig, og om korleis det gamle fyret frå 1878 no blir teke vare på.

Order Leirvik fyrstasjon Leirvik fyrstasjon @ NOK 279,00