Alle innlegg av Kapabel

FRAM OG TILBAKE OVER FJORDEN – om HSD, ferjer, ferjekaiar og ferjeruter

omslag fram og tilbakeFrå slutten av 1920-talet og fram til selskapet bytta namn til Tide og seinare vart til Norled, var det Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) som frakta oss og bilane våre over fjorden. Den runde raude rosetten med bokstavane HS var kanskje det best innarbeidde firmamerket på heile Vestlandet.

No er både HSD og mange av ferjesambanda historie og fleire samband kjem til å bli erstatta av bruer og tunellar i tida som kjem.

Dette er historia om korleis det var før, då dei svarte og kvite ferjene med HSD flagg i masta gjekk på kryss og tvers mellom øyar og fjordbygder og slik sydde landsdelen saman.

Harald Sætre har i mange år interessert seg for ferjer og samferdsle i Hordaland. Han har tidlegare skrive boka «Damp, diesel og pågangsmot» og var ein av hovudforfattarane av boka «Eit skip heitte Stord».

Order Fram og tilbake over fjorden Fram og tilbake over fjorden @ NOK 349,00

Båtbruk og båtbygging i Sunnhordland gjennom 200 år

omslag Båtbruk og båtbygging i Sunnhordland gjennom 200 årSunnhordland Åarbok for 2014

Båtbruk og båtbygging i Sunnhordland gjennom 200 år

Redaktør, Sjur Tjelmeland, feire forfattarar

Her er artiklar som fortel om båtbruk og båtbygging I Ølve, Rosendal, Uskedalen, Sunde, Skånevik, Halsnøy, og Leirvik på Stord. I tillegg ein større artikkel som tek for seg båtbruken i heile Sunnhordland.

Sjøen har i alle år vore vegen mellom bygdene i Sunnhordland – og er framleis ein mykje brukt og viktig ferdselsveg.

Til fart i fjordane trengst båtar. Sunnhord-lendingane har lenge hatt eit av dei største båtbyggjarmiljø i landet.

Denne utgåva av årboka tek for seg båtbygginga i Sunnhordland i siste del av 1800-talet og langt inn i 1900-åra. Her fanst byggjematerial i skogane og gode byggje-plassar på strender med trygge hamner – og ikkje minst dugande handverkarar som kunne faget sitt og sette si ære i å gjera godt arbeid.

Båtbygging har alltid vore ein viktig industri i Sunnhordland og ein industri som har staka opp leia inn mot moderne tid, der det i dag er dei mest avanserte flytande konstruksjonane som forlét verftet for å dra på jobb verda rundt.

Order Båtbruk og båtbygging i Sunnhordland 9788281630666 @ NOK 349,00

STRANDEBARMAREN -småbåtbygging i Hardanger

strandebarmarenForfattar: Peter Helland-Hansen

På det meste vart det bygd 1300 strandebarmarar i året i Strandebarm, Hardanger, og mange har gode minne knytt til denne båttypen. I boka «Strandebarmaren» kjem me tett på båtbyggjarar som hugsar glansperioden i mellomkrigsåra, og me får vera med Peter Helland-Hansen når han byggjer ein ny båt. Her fylgjer me Peter frå han vel emne i skogen, strekkjer kjøl i verkstaden og fram til han sjøset den ferdige båten, med årar og segl. Han viser oss verkstaden, fortel om verktøy og historie og gjev gode råd om reparasjon og vedlikehald.

I kapitlet Marknad og omsetnad gjev Atle Ove Martinussen oss eit blikk inn i den store suksessen strandebarmaren hadde i marknaden. Kvar tok nybygde båtar i tusental vegen?

«Strandebarmaren» er på 376 sider, er rikt illustrert med 906 foto og 172 teikningar. Boka gjev ei god innføring for den som sjølv vil byggja båt – men ei bok kan ikkje stå for den fullstendige opplæringa. For båtbygging må lærast saman med nokon som kan det – og ikkje minst gjennom «å gjera». Eller som Peter seier det: «Det er litt som å dansa. Før me kjem på golvet vert det liksom ikkje noko fart i det.»

Boka er i sal frå 28 oktober.

Order Strandebarmaren Strandemarmaren @ NOK 499,00

Under open Himmel

open himmel

Frå lammelår i kokegrop til padletur på stille vatn

Har du padla kano på stille vatn? Har du steikt hamburgar på vedfyrt jerntakke eller laga potetkaker på bålwok? Har du smaka fisk som er baka i folie med lokale urter? Eller ete kyllingsuppe kokt på stormkjøkken? Har du baka brød i sjusteinsomn? Kan du lage lammelår i kokegrop?

Har du bygd iglo? Eller kappkjørt med romersk «stridsvogn», som du har bygd saman med dei andre på laget? Likar du å vere ute? Under open himmel?

I denne boka viser Etnespeidarane aktivitetar og mat dei har hatt på møta sine dei siste åra, under merkelappen «Laurdagsspeiding». Laurdagsspeiding er fire timar lange speidarmøte, med aktivitetar og matlaging, der barn, unge og vaksne har det kjekt saman. Boka viser aktivitetar og oppskrifter slik at du kan lage maten og gjennomføre aktivitetane sjølv. Aktivitetar og mat er sett saman til åtte ferdige møteopplegg og ein tur, som kan gjennomførast med grupper på fem til ti barn, unge og vaksne i fellesskap, etter ei gudsteneste, i eit hyttefelt, i speidargruppa, i eit idrettslag eller på skulen.

Order Under open Himmel Under open Himmel @ NOK 249,00

Landsmoderen

omslag LANDSMODERENLandsmoderen, eller Gjenreisingen av Arbeiderpartiet ved kunstig inseminasjon

På den andre siden av fjorden går tiden litt saktere, og av og til stopper den helt opp. Hit ankommer forfatteren Agnar Orvedal og en navnløs følgesvenn en regnfull sommerdag, uvitende om at mørke krefter i Arbeiderpartiet har utpekt nettopp denne plassen til arnestedet for en radikal gjenreising av partiet. Snart er de viklet inn i et forsvinningsmysterium i skogene hvor elven buldrer, veien slynger seg i krappe svinger, og hvor en hvit varebil med polske skilter sprer uhygge.

 

Om boken:

”Landsmoderen, eller Gjenreisingen av Arbeiderpartiet ved kunstig inseminasjon” er Tom Rasmussens fjerde roman, og som vaskeseddelen antyder en lett surrealistisk spenningsfortelling fra et vestlandslandskap av i dag.

Protagonisten i fortellingen er forfatteren Agnar Orvedal, som sammen med en romanfigur (en av hans egne?) legger ut på en reise for å frigjøre seg fra en skrivesperre påført ham av fortellingens antagonist – Arbeiderpartiet. Reisen tar dem til en plass hvor befolkningen må ha to jobber hver for å opprettholde servicenivået i kommunen, og hvor Arbeiderpartiet er kraftig uglesett. Hit ankommer også arbeiderpartipolitikeren Anders Andersen (i boken referert til som arbeiderpartinazisten Anders Andersen), som har et hemmelig gjenreisingsprosjekt av partiet gående på plassen. Dette avstedkommer først et forsvinningsmysterium, deretter en bortføring, og fortellingen følger Agnar Orvedal og følgesvennen hans sitt arbeid med å oppklare og løse problemene.

 

Landsmoderen, roman, politisk satire.

Om forfatteren:

Tom Rasmussen (f.1963) har en rik og variert bakgrunn fra kulturlivet. Han startet som trommeslager i bandene Alle Tiders Duster og Max Axe på åttitallet, og begynte deretter å jobbe som manager og agent for artister som Jan Eggum og Silje Nergaard. Han arbeidet også med Tønes tidlig i karrieren hans, og var med på de første årene til Kaizers Orchestra.

Som teaterprodusent og –agent har Rasmussen jobbet i hele spennet fra revy og kabaret til kunstnerkollektivet Baktruppen (som han også var medlem i de første årene), og gjennom gruppene Thomas Ryers Hevn og senere Stiftelsen Thomas Ryer har han skrevet og spilt teater sammen med folk som Ragnar Hovland, Reidar Karlsen og Per Inge Torkelsen.

I årene 2006 til 2012 var Rasmussen forlegger og redaktør i det skjønnlitterære forlaget Baskerville, som ga ut norsk og oversatt litteratur av forfattere som Charles Bukowski, Niall Griffiths, Ian Sansom og Christopher Moore. Rundt tusenårsskiftet ga han også ut de kultklassikerne ”Texas” (Eduardo Andersen, Ragnar Hovland og Reidar Karlsen, 1999), ”Taxfree” (Reidar Karlsen, 2000) og ”Psst!” (Ragnar Hovland, 2000).

Siden 2011 har Rasmussen arbeidet som PR-rådgiver i selskapet HBSPR, kombinert med forfattervirket.

Order Landsmoderen Landsmoderen @ NOK 300,00

Kvinner i Sunnhordland

9788281630598OTTO ERSLAND, JANE SÆRSTEN JÜNGER (RED.)

Sunnhordland Årbok 2013

I år er det hundre år sidan mennene i Det norske stortinget avgjorde at kvinnene – på lik line med dei sjølv – skulle få lov til å røysta ved stortingsval. Kvinnene skulle også få stå på val sjølv, og landet vårt hadde såleis fått eit ekte demokrati. Gratulera med stemmerettsjubileet alle kvinner i Sunnhordland!
Innhald 
KNUT RAGE: Karen Mowat og Cille Gad – ufri rikdom, ulukkeleg lærdom
MARIT ELISEBET TOTLAND. Kongemakt – kyrkjemakt. Kvardagsmakt – kvinnemakt
MIKAL HELDAL: Signekjerringar, kloke koner eller trollkjerringar
JORUN VANNES: Kari Nilsdatter Spidsøen (1847-1884) – fra gårdmannsdatter på Spissøy i Finnås til hospitalslem i Bergen
GRETHE BRUNDTLAND: Signe Tvedt – føregangskvinne i bondereisinga 
KARI LØNNING AARØ: Søster Haldri
FINN DYNGVOLD: Abelone ved havet
TORE LANDE MOE: Torborg Nedreaas og Stord
JOHAN BELSVIK: Mennesket eg møtte 
TORE LANDE MOE: Ut av heimen – inn i arbeidslivet – kvinnearbeidsplassar i Sunnhordland i 150 år
JACOB GULLBERG. Frå røysterett til politisk deltaking. Kvinnene sin veg inn i lokalpolitikken i Sunnhordland 
KJELLBJØRG LUNDE: Kvinnesak på Stord, Stord Kvinnelag, starten i 1975 og saker som engasjerte den første tida
HILDE HAUGLID: Naudtelefonen og Krisesenteret i Sunnhordland –frå ideologisk dugnadsarbeid til offentleg plikt

Boka kjem frå trykkeriet 17. november.

Order Kvinner i Sunnhordland Kvinner i Sunnhordland @ NOK 389,00

Send meg eit brev frå Hardanger

9788281630581

Send meg eit brev frå Hardanger

Trur du at denne boka handlar om poststader og postruter – eller frimerke og stempel? Å ja då – det gjer ho, men Arne Eriksen argumenterer for at dei posthistoriske spørsmåla går djupare enn som så. Dei har til dømes å gjera med den gamle kona i Hardanger som sjølv ville lesa breva frå sonen i Amerika. Difor måtte ho læra seg å lesa. Utan slik kunnskap var det uråd å delta aktivt og personleg i den nye postale fellesskapen som utvikla seg på 1800-talet.

Dette er og historia om kva som skjer når ein godt vaksen frimerkesamlar tilfeldig snublar over ei øskje med gamle fuktskada brev. Ei øskje som syner seg å innehalda livet til smeden Ole Aga som døyde barnlaus i 1891. Du får også høyra om postopnaren som tok verdiposten med seg i senga, og om posthuset som låg på ei fjellhylle vest for Hardangerjøkulen, 1307 meter over havet.

Postverket slik me kjende det er ein saga blott. 16. september 2013 vart Odda postkontor lagt ned – 21. oktober 2013 var det slutt også på Voss. Arne Eriksen tek oss med på ei vandring gjennom det klassiske postlandskapet i Hardanger. Dette er ei bok for spesialistar på levd liv, lokalhistorie, samferdsle, brev og post, Hardanger og Noreg. Altså ei bok for alle.

 

Arne Eriksen er fødd i Stavanger i 1956 og bur i Åsane. Han arbeider ved Haukeland universitetssjukehus. I 2011 gav han ut boka ”Dar kjem dampen – med post” saman med Audun Hanstveit.

 

Order Send meg eit brev frå Hardanger Send meg eit brev frå Hardanger @ NOK 389,00

Sunnhordland 31.05.13

978828163060431. mai 2013 la fire sunnhordlendingar ut på ei reise. Med opplada mobil, nykvessa blyant, notatbok og fotoapparat reiste dei rundt i dei åtte kommunane som enno utgjer Sunnhordland.

Dei kunne valt heilt annleis den 31. mai 2013. Målet var like mange stopp i kvar av dei åtte kommunane i regionen. Ulike som dei er. Like fullt med mange felles trekk. Dette er historia om 31. mai 2013, om noko av det som hendte dette døgnet, om verksemder dei vitja og folk dei møtte. Mangfaldige Sunnhordland. Her er så mykje å velja i.

Boka er i formatet 24 x 22 cm.  206 sider og fleire hundre bilder av folk og stader i heile Sunnhordland.

Frå TV-Haugalands frukostsending 26 oktober.

Order Sunnhordland 31.05.13 Sunnhordland 31.05.13 @ NOK 389,00

«Humor på blå resept!»

9788281630628I 2013 har jeg vært lege i 50 år. Men jeg har alltid også vært svak for humor, med en spesiell forkjærlighet for lege- og sykehusvitser, gjerne de litt makabre! Derfor er jeg blitt kjent som professoren som alltid begynner og slutter en forelesning med en morsomhet – en vits eller en god historie fra virkeligheten. Jeg tror humor har en viktig plass i livene våre, og ikke minst i medisinen.

Leiv Bakketeig er professor emeritus ved Folkehelseinstituttet i Oslo, der han lenge var overlege og avdelings-direktør. Bakketeig har og vært professor i epidemiologi ved Universitetet i Trondheim og ved Syddanske universitet, Odense i Danmark.

Audun Hetland (1920 – 1998) var avistegner fra 1941 og helt til årene før han døde. I tillegg ga han ut en rekke bøker – og illustrerte mange flere. Han holdt separatutstillinger og var representert på mange andre utstillinger. Han utførte store utsmykninger i inn- og utland. Han er innkjøpt både av Nasjonalgalleriet og Riksgalleriet. Han mottok en lang rekke priser og utmerkelser, blant annet Kongens Fortjenstmedalje i gull i 1989.

Order Humor på blå resept! Humor på blå resept! @ NOK 149,00

VOKSESMERTER ny bok fra Thor Soltvedt

“En lummer septemberdag i 1982 sitter jeg i rosehagen på et pleiehjem i Glasgow og leser Bergens Tidende. Det er nesten ikke til å tro det jeg ser på førstesiden. Men det må jo være Dvergen på Slettebakken det står om, den vesle tassen jeg var kompis med da jeg bodde i høyblokken på 1960- og 70-tallet. Alle opplysningene stemmer med det jeg vet om ham: leiligheten han hadde på hjørnet i tiende etasje, de underlige eksperimentene med pillene og sjøvannsblandingen. De kunne like godt ha trykket navnet og adressen hans. Til og med den merkverdige strekkmaskinen han brukte er nevnt under den oppsiktsvekkende overskriften: Dverg tiltalt etter kvakksalverloven. Lurte kortvokste opp i stry.”

Slik begynner Dag reisen tilbake i eget liv.

 

Thor Soltvedt (født 1955) er utdannet filolog med nordisk hovedfag fra Universitetet i Bergen. Fra 1981-1983 var han lektor i norsk språk og litteratur ved University College, London. I samarbeid med to medforfattere har Soltvedt skrevet flere norskverk for den videregående  skolen. Debuterte skjønnlitterært i 1997 med ungdomsromanen ”Historien om Glenn Anton”, som han fikk Kulturdepartementets debutantpris for. Har siden debuten skrevet en rekke bøker i ulike sjangre både for barn, ungdom og voksne. Flere av bøkene er oversatt til engelsk, tysk og finsk.

Order Voksesmerter Voksesmerter @ NOK 299,00