EIN EUROPEISK DØL

EIT NYTT BLIKK PÅ VINJES JOURNALISTIKK

Aasmund Olavsson Vinje (1818–1870) er ein bauta i norsk kulturhistorie. Han var redaktør for Dølen, den første nynorske avisa, han var nyskapande journalist og er blitt ståande som ein av våre store, folkekjære lyrikarar. Men Vinje var meir enn ein målmann, han var også internasjonalist. I denne boka blir det internasjonale perspektivet i journalistikken hans løfta fram og analysert. 

Vinje sine mest aktive år som skribent, frå midten av 1800-talet, fell saman med ei uroleg tid i Europa, med Krimkrigen, dei dansk-tyske krigane i 1848 og 1864 og Italias samling. Han hadde meiningar om det meste, også utvandringa til Amerika og den storstilte industrialiseringa som gjekk føre seg i Storbritannia. Vinje sette ein ny tone i kommentar og kritikk, han var antiautoritær og ironisk, kunnskapsrik og folkeleg. Han nytta dagsaktuelle hendingar til å utvikla resonnement omkring enkeltmenneske og samfunn, stat og nasjon, og han såg også på sitt eiga heimland i eit europeisk stormaktsperspektiv. 

Heilt frå dei tidlege bladstykka i Andhrimmer og Drammens Tidende og til dei siste tekstane i Dølen tek Vinje opp internasjonale spørsmål. Dette internasjonale – helst europeiske – perspektivet har i liten grad vore kommentert i ettertida.

Order Ein europeisk døl Ein europeisk døl @ NOK 325,00
 

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

* Copy This Password *

* Type Or Paste Password Here *

Set your Twitter account name in your settings to use the TwitterBar Section.