61 VETERANBÅTAR PÅ VESTLANDET

Det er ikkje få frivillige timar som kvart år blir lagt ned på dugnadsbasis for å ta vare på- og halda i drift ulike veteranfartøy, alt frå mindre fritidsbåtar og ferjer, til større passasjer- og lastebåtar.

I Rogaland, Hordaland og Sogn og Fjordane har det etter kvart utvikla seg eit rikt og variert miljø innan fartøyvern. Båtane er i aktiv bruk sommarhalvåret og deltek på ulike festivalar og arrangement. For mange er dei blitt eit kjært maritimt gjensyn frå tidlegare tider. 

I denne boka finn du eit representativt utval av fartøy frå dei tre fylka. Fleire  båtar hadde fortent omtale men me vonar likevel at det blir gitt eit innblikk i det mangfaldet som finst innan fartøyvernet, og at me kan få synleggjort noko av det enorme dugnadsarbeidet som er lagt ned i å ta vare på fartøya.

 

Order 61 VETERANBÅTAR PÅ VESTLANDET 61 VETERANBÅTAR PÅ VESTLANDET @ NOK 350,00

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

* Copy This Password *

* Type Or Paste Password Here *