Kvinna som sydde for å hemne seg. No er boka her!

Dei finst over alt. Bassane som ikkje finn tonen. Gravsongaren som syng høgare og meir enn han har godt av. Den einsame sauebonden som ikkje greier slutte syngje salmar på telefonen.

Mattelæraren som burde søkt seg til det militære der han kan vifte med gevær, snerre og brøle, og få fine medaljar. Den unge hekkeløparen som vart omdanna til ein skimrande vengehest. Den omsorgsfulle kvinna som strikkar genser utan armar og hol til hovud, men med vedunderleg flettemønster som snor seg lik dragar kring preikestolen i ei stavkyrkje. Dei finst. Men du må leite.

Dette er Kathrine Gjestland si første bok. Ho har tidlegare utmerka seg med å laga dei største og vakraste steinvardane for Den Norske Turistforening og meiner sjølv ho har eit uvanleg godt handlag med kubein

Order Kvinna som sydde for å hemne seg Kvinna som sydde for å hemne seg @ NOK 249,00

Søte, salige Sunnhordland

Kjøper du ei bok, kjem det porto i tillegg. Kjøper du to eller fleire betalar forlaget frakta.

OM BOKA: I ei tid med espresso, latte, cappuccino og biscotti kan det vera på sin plass å sjå litt på kva me har av tradisjonar innan kaffimat her hos oss. Dette var tanken då me byrja å arbeide med denne boka.

I leitinga etter den lokale kaffimaten enda me opp i bedehus og foreiningar, og oppdaga at her lever tradisjonen framleis, først og fremst teken hand om av driftige damer med stort hjarte for både Jesus og gode kaker.

Boka er 200 x 240 cm. har 264 sider og innheld ei salig blanding av eldre tradisjonsbakst og nyare oppskrifter på god kaffimat.

Vel bekomme!

DET ENKLASTE  ER Å SENDE MAIL TIL otto@kapabelforlag.no DÅ KJEM BOKA I POSTEN SAMAN MED GIRO.

Order Søte, salige Sunnhordland Søte, salige Sunnhordland @ NOK 398,00