Nå er bokhausten 2016 på plass!

Året 2016 starta med boka «Fair play», siste boka i serien om fotballaget Fart. Dei to første bøkene i serien, «Levende vegg» og «Fire minutter på overtid» kom 2014 og 2015. Seinare på hausten kom «Korrespondentliv» der Jan Tystad fortel om sitt liv som korrespondent i London og alle sine reiser til problemområder gjonnom eit langt liv som journalist. Så ga me ut noko heilt anna. I september kom boka «52. Hva skal til for å få en god uke. 52 tekster». Thor Brekkeflat og David Genius deler noko av sin lærdom med oss. Det er ikkje eit år utan ei bok om mat, i boka «Ramsalt skipskost» ser Arne Sivertsen tilbake på eit langt liv som stuert til sjøs. Neste bok ut er «Strilekrigen«. Ei stor bok proppfull av bilder som fortel kva Strilekrigen var, om bakgrunn og etterspel. Boka er skriven av Bjørn-Arvid Bagge og Gina Dahl som og laga «En guide til Bergen anno 1765″ i 2015. Meir historie, men no frå nyare tid, «Oljeabeideren – Stein Bredal». Leif Stang og Stein Bredal fortel om pionertida og eit arbeidsliv som byrja i byssa og avslutta i Statoils styrerom. Eit kjekt arbeid denne hausen har vore arbeidet med boka «Tysnesfest». Lars Mæland og Runar Bjørkvik Mæland har skrive boka i tett samarbeid. Så kom «Mannen utan samvit», av Per jan Ingebrigtsen, krim frå Vestlandet og ei oppfølging til boka «Offer». Meir historie blei det med «Alt vel», Marit Elisebeth Høines Totland si bok om den store stormen 11. september 1884. Frå storm på Island flytta me oss tilbake til Bergen og boka «Bergen var opfyldt av Bordeller», Gro Elisabeth Bastiansen og Christopher John Harris tek oss med inn i ei mørk side ved byens historie. Mot slutten av året kom den nye årboka til Sunnhordland museum «Eimen frå historia». Her har Tore Lande Moe fått fridom til å skriva om nokre av dei tema han har vore oppeken av gjennom 40 år. Og heilt til slutt kom ei ny utgåve av boka «Frå krigsskip til flaggskip». 13 bøker alt i alt, det var 2016, no er det berre å vente på kva 2017 kjem med.

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *