Fram og tilbake til byn

framside fram og tilbake IIFrå 1880 og fram til selskapet bytta namn til Tide – og seinare Norled – var det Hardanger Sunnhordlandske Dampskipsselskap (HSD) som frakta varer og folk til og frå byen. Den runde raude rosetten med bokstavane HS var kanskje det best innarbeidde firmamerket på heile Vestlandet. No er både HSD og rutebåtane historie. Det er slutt på den tida då svarte og kvite båtar tråkla fjorden på kryss og tvers og slik bandt saman øyar, fjordbygder og tettstadar.

Harald Sætre har i mange år interessert seg for rutebåtar, ferjer og samferdsle i Hordaland. Han har tidlegare skrive boka «Damp, diesel og pågangsmot», var ein av hovudforfattarane av boka «Eit skip heitte Stord» og i 2014 «Fram og tilbake over fjorden – om HSD , ferjer, ferjekaiar og ferjeruter».

 

Order Fram og tilbake til byn Fram og tilbake til byn @ NOK 349,00

PEDER BAKAR OG DEN KNALLHARDE DEIGEN

omslag peder bDette er andre boka om den unge bakaren Peder, og I denne boka bakar han så harde bollar at tennene knekk når folk bit i dei. Det kunne vorte katastrofe, men heldigvis har bakaren gode vener som hjelper til.Peder Bakar og den knallharde deigen er ei bok som høver for barn i alle aldrar som likar bollar.

Order Peder Bakar og den knallharde deigen Peder Bakar og den knallharde deigen @ NOK 249,00

VAMPYRANE I EPLEHAGEN

Besvampyranetefar i Eplehagen er prest. Når han ikkje er i kyrkja, tuslar han for seg sjølv og plukkar deilige, raude eple rett frå trea. Heilt til dei blodtørstige naboane dukkar opp …

Anders Totland er kokk, organist, og journalist. Vampyrane i Eplehagen er hans første bok. Historia er basert på ein ekte bestefar.

Order VAMPYRANE I EPLEHAGEN VAMPYRANE I EPLEHAGEN @ NOK 249,00