STRANDEBARMAREN -småbåtbygging i Hardanger

strandebarmarenForfattar: Peter Helland-Hansen

På det meste vart det bygd 1300 strandebarmarar i året i Strandebarm, Hardanger, og mange har gode minne knytt til denne båttypen. I boka «Strandebarmaren» kjem me tett på båtbyggjarar som hugsar glansperioden i mellomkrigsåra, og me får vera med Peter Helland-Hansen når han byggjer ein ny båt. Her fylgjer me Peter frå han vel emne i skogen, strekkjer kjøl i verkstaden og fram til han sjøset den ferdige båten, med årar og segl. Han viser oss verkstaden, fortel om verktøy og historie og gjev gode råd om reparasjon og vedlikehald.

I kapitlet Marknad og omsetnad gjev Atle Ove Martinussen oss eit blikk inn i den store suksessen strandebarmaren hadde i marknaden. Kvar tok nybygde båtar i tusental vegen?

«Strandebarmaren» er på 376 sider, er rikt illustrert med 906 foto og 172 teikningar. Boka gjev ei god innføring for den som sjølv vil byggja båt – men ei bok kan ikkje stå for den fullstendige opplæringa. For båtbygging må lærast saman med nokon som kan det – og ikkje minst gjennom «å gjera». Eller som Peter seier det: «Det er litt som å dansa. Før me kjem på golvet vert det liksom ikkje noko fart i det.»

Boka er i sal frå 28 oktober.

Order Strandebarmaren Strandemarmaren @ NOK 499,00

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

* Copy This Password *

* Type Or Paste Password Here *