Båtbruk og båtbygging i Sunnhordland gjennom 200 år
Redaktør, Sjur Tjelmeland, feire forfattarar
Her er artiklar som fortel om båtbruk og båtbygging I Ølve, Rosendal, Uskedalen, Sunde, Skånevik, Halsnøy, og Leirvik på Stord. I tillegg ein større artikkel som tek for seg båtbruken i heile Sunnhordland.
Sjøen har i alle år vore vegen mellom bygdene i Sunnhordland – og er framleis ein mykje brukt og viktig ferdselsveg.
Til fart i fjordane trengst båtar. Sunnhord-lendingane har lenge hatt eit av dei største båtbyggjarmiljø i landet.
Denne utgåva av årboka tek for seg båtbygginga i Sunnhordland i siste del av 1800-talet og langt inn i 1900-åra. Her fanst byggjematerial i skogane og gode byggje-plassar på strender med trygge hamner – og ikkje minst dugande handverkarar som kunne faget sitt og sette si ære i å gjera godt arbeid.
Båtbygging har alltid vore ein viktig industri i Sunnhordland og ein industri som har staka opp leia inn mot moderne tid, der det i dag er dei mest avanserte flytande konstruksjonane som forlét verftet for å dra på jobb verda rundt.