Send meg eit brev frå Hardanger

9788281630581

Send meg eit brev frå Hardanger

Trur du at denne boka handlar om poststader og postruter – eller frimerke og stempel? Å ja då – det gjer ho, men Arne Eriksen argumenterer for at dei posthistoriske spørsmåla går djupare enn som så. Dei har til dømes å gjera med den gamle kona i Hardanger som sjølv ville lesa breva frå sonen i Amerika. Difor måtte ho læra seg å lesa. Utan slik kunnskap var det uråd å delta aktivt og personleg i den nye postale fellesskapen som utvikla seg på 1800-talet.

Dette er og historia om kva som skjer når ein godt vaksen frimerkesamlar tilfeldig snublar over ei øskje med gamle fuktskada brev. Ei øskje som syner seg å innehalda livet til smeden Ole Aga som døyde barnlaus i 1891. Du får også høyra om postopnaren som tok verdiposten med seg i senga, og om posthuset som låg på ei fjellhylle vest for Hardangerjøkulen, 1307 meter over havet.

Postverket slik me kjende det er ein saga blott. 16. september 2013 vart Odda postkontor lagt ned – 21. oktober 2013 var det slutt også på Voss. Arne Eriksen tek oss med på ei vandring gjennom det klassiske postlandskapet i Hardanger. Dette er ei bok for spesialistar på levd liv, lokalhistorie, samferdsle, brev og post, Hardanger og Noreg. Altså ei bok for alle.

 

Arne Eriksen er fødd i Stavanger i 1956 og bur i Åsane. Han arbeider ved Haukeland universitetssjukehus. I 2011 gav han ut boka ”Dar kjem dampen – med post” saman med Audun Hanstveit.

 

Order Send meg eit brev frå Hardanger Send meg eit brev frå Hardanger @ NOK 389,00

Sunnhordland 31.05.13

978828163060431. mai 2013 la fire sunnhordlendingar ut på ei reise. Med opplada mobil, nykvessa blyant, notatbok og fotoapparat reiste dei rundt i dei åtte kommunane som enno utgjer Sunnhordland.

Dei kunne valt heilt annleis den 31. mai 2013. Målet var like mange stopp i kvar av dei åtte kommunane i regionen. Ulike som dei er. Like fullt med mange felles trekk. Dette er historia om 31. mai 2013, om noko av det som hendte dette døgnet, om verksemder dei vitja og folk dei møtte. Mangfaldige Sunnhordland. Her er så mykje å velja i.

Boka er i formatet 24 x 22 cm.  206 sider og fleire hundre bilder av folk og stader i heile Sunnhordland.

Frå TV-Haugalands frukostsending 26 oktober.

Order Sunnhordland 31.05.13 Sunnhordland 31.05.13 @ NOK 389,00