Rock og røyk Rockesoge frå ein industristad

 

Vestnorske industrisamfunn som Årdal, Høyanger og Sauda har alle rockehistorier å fortelje, likevel er Odda ein bra stad å setje første spadetaket når soga om vestnorsk  industristadrock skal gravast fram.

Odda ligg som ein gøymestad inst i Hardangerfjorden, som baksida av ei løe med ein attgløymd moped i brennesle-buskane. Gode gøymestader kan virke preserverande, ikkje berre på skit og støv, men også på vakre knappar og gamalt arvesølv. I Odda finn ein framleis dei gode musikarane, dei fine instrumenta og dei vittige historiene samla på eit lite og oversiktleg areal. Femti år etter det første rockebandet i Odda, The Spitfires, starta opp med øving og dans på Folkets Hus, har Garatun Huus funne fram den rette tanga, teke godt tak, og dradd skattane fram i det rette historiske lyset.

Order Rock og røyk Røck og røyk @ NOK 379,00

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

* Copy This Password *

* Type Or Paste Password Here *