Silhuettar

Modistfaget er i dag eit av dei minste, men levande handverksfaga i
Noreg. For tretti år sidan var det i ferd med å forsvinna frå
læreplanen, då det gjekk tiår utan at det vart avlagt noko sveineprøve.
Ein ny giv kom på byrjinga av 1990-talet. Kirsti Nordberg Moe var den
første lærlingen på 30 år i faget. I dag underviser ho skuleklassar, har
hospitantar og sit i faggruppa som utarbeider læreplanar i faget.
Kirsti Nordberg Moe har sidan 1990 leigd atelier i krambua på
Sunnhordland Museum på Stord. Her lagar ho hattar og kunstobjekt til
hovudet, som blir lagt merke til langt ut over regionen sine grenser. To
av hennar modellar har blant anna motteke merket for God Design av
Norsk Designråd

Order Silhuettar Silhuettar @ NOK 199,00

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

* Copy This Password *

* Type Or Paste Password Here *