Damp, diesel og pågangsmot

Det er no gått 30 år sidan Veteranskipslaget Fjordabåten vart skipa og
gamle «Stord» henta heim frå Oslo, og det er 22 år sidan laget kjøpte
lokalrutebåten «Granvin» like et­ter at den gjekk ut av rutetrafikk i
Hardanger. Begge båtane er teke vare på og represente­rer kvar sin generasjon
og fartøytype. Gjen­nom aktiv bruk er båtane blitt naturlege inn­slag i
fjordane våre. Nye generasjonar har fått høve til å bli kjende med båtane og
kor­leis det var å reisa i tidlegare tider då sjøen var vegen.

Harald Sætre har heilt frå barndommen hatt interesse for skipsfart,
særleg for lokalrute­båtane på Vestlandet. Han har i 30 år vore aktiv med i
Veteranskipslaget Fjordabåten, både som tillitsvald, med administrativt ar­beid
og som mønstra mannskap på båtane.

Order Damp, diesel og pågangsmot Damp, diesel og pågangsmot @ NOK 379,00

Legg igjen en kommentar

Din e-postadresse vil ikke bli publisert. Obligatoriske felt er merket med *

* Copy This Password *

* Type Or Paste Password Here *